Rolls-Royce har inngått avtale om levering av seks av dei nye B33:45 (Bergen-motor) dieselmotorar til verftet Fuijan Mawei i Kina.

Saman med Rolls-Royce propellar skal motorane gi framdrift til verdas aller første støttefarty for gruvedrift på havbotnen.

Skipet er designa av Sea Tech Solutions i Singapore for Marine Assets Corporation (MAC) i Dubai, og blir utstyrt med seks Bergen B33:45L9A-motorar, som skal yte 31,4 megawatt.

Det 227 meter lange og 40 meter breie skipet skal leverast mot slutten av 2017, og skal då i oppdrag for Nautilus Minerals utanfor Papa New Guinea. Skipet skal utvinne kopar, gull, sølv og mala frå havbotnen, på ca. 1600 meters djupne.

God røynsle med framdriftssystema

- For MAC er det svært spennande å få byggje eit "verdas første" igjen. Vi har lang røynsle med framdriftssystema frå Rolls-Royce, så vi veit at fartyet vil fungere godt, seier Mark Reeves, chief operating officer hos Marine Assets Corporation.

Han legg til at MAC ser eit stort potensial for gruvedrift på havbotnen.

- Kontrakten er ein milepel for den nye motortypen til Rolls-Royce. Dei er utvikla for eit breitt spekter av skip, og vi er stolte over at MAC valde denne løysinga til eit så banebrytande skip. Moglegheitene som ligg i havrommet er store framover, uttaler konsernsjef John Knudsen i Rolls-Royce Marine.

Fujian Mawei og MAC har tidlegare tinga motorar og propellar frå Rolls-Royce til fem bustadriggar og eit bustadfarty. Dagens kontrakt er den første fleirordren på den nye motoren til Rolls-Royce.

Levering av skipsutstyret frå Rolls-Royce skal skje frå mars 2016.