Hareid Eiendomsutbygging har no fylt ut sjøarealet der dei skal realisere Larsnes Brygge. 10.000 kvadratmeter stein er fylt ut.

Bak selskapet står Peter Rise i Rise AS, Bjørn Bjåstad, Bjåstadbakken AS, Bjørn Teigene, Jeasimo AS og Torgeir Ringstad i rika Consult AS.

- Vi gler oss til å sjå Larsnes Brygge stå ferdig, seier dei til avisa Vestlandsnytt.

Peter Rise opplyser at etter planen skal den første blokka stå ferdig hausten 2016.

Ingen har gjort noko liknande på Larsnes før.

- Det var upløygd mark då vi starta på Hareid også for nokre år sidan. Men det viste seg raskt at marknaden var til stades på Hareid for større leilegheitsbygg. Ikkje minst då folk skjøna at leilegheitene faktisk kom, skaut interessa i veret. Vi har bygd 44 leilegheiter på Hareid, fortel Bjørn Bjåstad.

No har altså Hareid Eiendomsutbygging overført "Hareidsmodellen" til Larsnes. Vestlandsnytt skriv at fleire har tinga seg leilegheit, medan nokre framleis sit på gjerdet.

Larsnes Brygge er teikna av Sporstøl Arkitekter. Den første blokka blir på 14 leilegheiter.