10. juni skal Ragnar Thorseth starte roturen sin til Shetland. Mykje presse og ein del sponsorar hadde møtt opp i tunet heime hos Thorseth i Aurvågane for å høyre om den planlagde turen. Også båtbyggjar Jakob Helset, som har bygd ein tilnæra kopi av båten som Thorseth brukte i 1969, då han rodde frå Norge til Shetland førre gong.

Men pressekonferansen kom til å handle om mykje meir enn sjølve roturen.

Thorseth fortalde om returen sin tilbake til eit aktivt liv - og at det ikkje kunne ha blitt noko av roturen utan at han hadde snudd om på livsførselen sin. Han har begynt å trene, ete mindre - og drikke mindre.

- Eg har tatt av 38 kilo, kunne han stolt fortelje.

Ein av dei som var inviterte til pressekonferansen var gullsmed Arild Waage i Ulsteinvik. Og mange var nok nysgjerrige då Thorseth kalla han fram på podiet.

- Eg var hos tannlege i Thailand, og dit måtte også kona mi ho Pen, på grunn av tannverk. Tannlegen måtte trekke ei av visdomstennene hennar på styrbord side, og det var frykteleg vondt. Men ho kom ut til slutt, og eg kom på den tanken at eg hadde lyst til å ha henne inn til kroppen min, fortalde Thorseth.

Han måtte grunde ei stund på korleis han skulle gjere det.

- Pen kokte tanna, og vi tok ho med tilbake til Norge. Eg gjekk til gullsmed Waage og spurde om han kunne lage eit smykke av henne, og i dag skal eg få sjå resultatet. Eg må seie eg er spent, sa Thorset - og kika ned i ei øske som gullsmeden hadde med seg.

Og der, på ei gullenke og saman med eit gullsmykke han hadde fått av første kona si, Kari, hang gulltanna til Pen.

- Fantastisk flott. Dette skal eg ha på meg alltid, sa Thorseth og viste det fram for publikum. Og han la til:

- Eg har hatt to koner. Kari som eg var gift med i 38 år, og som dessverre er død. No har eg Pen og ho er heilt fantastisk. Eg har vore heldig.

Arild Waage festar gulltanna til Pen rundt halsen på Ragnar Thorseth