Ein ung mann frå Herøy har truleg lært seg at det ikkje er trygt å bruke mobil under bilkøyring.

Han er no sett under tiltale for mobilbruk, utan at han var plassert på eller i ein fastmontert haldar plassert i umiddelbar nærleik av rattet.

Dette fordi han ein kveld i oktober 2014 køyrde inn i eit skilt, slik at bilen surra rundt to gonger. Årsaka til dette var etter alt å dømme mobilbruk.

Med i tiltalen er også at han ikkje brukte bilbelte under køyreturen.

Vald i Ulsteinvik

Men mannen har meir han skal svare for.

I tiltalten er også eit punkt om ein valdsepisode. Den går ut på at han ein kveld i oktober 2014, i berusa tilstand, slo ein annan mann i andletet med knytta hand.

Dette skal ha skjedd i Ulsteinvik.