Rolls-Royce har signert kontrakt med verftsgruppa Fincantieri om å levere eit komplett framdriftssystem til det nye norske forskingsfartyet FF Kronprins Haakon.

Skipsutstyret skal i all hovudsak leverast frå Sunnmøre og Bergen. Skipet skal bruakst til miljøforsking både ved Nord- og Sørpolen.

Utvikla for tøffe isforhold

Det 100 meter lange fartyet av NVC 395 Polar-design, er utvikla for å takle tøffe isforhold. Det skal overvake fiskeribestandar, utføre meteorologiske granskingar og ta prøver på havbotnen. Fleire norske forskarmiljø er involverte i utvikling og bruk av det nye forskingsfartyet.

- Vi har kunna trekke på røynsla våre med både offshore og spesialfarty i utviklinga av FF Kronprins Haakon. Eit skip som skal operere i nokre av dei kaldast farvatn på kloda, kommentrer konsernsjef John Knudsen i Commercial Marine, Rolls-Royce.

Levering i 2017

Kontrakten på skipsutstyr frå Rolls-Royce omfattar fire dieselmotorar, (to hovedmotorar og to generatorar), to azimuth hovedpropellar, to tunnelthrustarar (sidepropellar), elektrosystem og DP-automasjon.

Skipet skal byggjast i Italia ved Fincantieris sine to integrerte verft Triva Trigoso-Muggiano. Men den siste utrustninga skal skje i Norge.

Etter planen skal FF Kronprins Haakon ut på sitt første tokt i 2017.