IL Hødd Fotball har i dag signert kontrakt med Sondre Sandnes Beite, kontrakten strekkjer seg ut 2017-sesongen.

Sandnes Beite kom til Hødd frå Skodje IL før 2014-sesongen. Den første sesongen i Hødd var han ein del av rekruttgruppa, men fikk sin debut for A-laget sist haust. I den siste seriekampen i 2014 starta han heimekampen mot Bryne, og viste prov på sitt potensiale. Den lovande 18-åringen har trena fast med A-laget gjennom heile vinteren, og fortsett den positive utviklinga frå sist sesong.

Sportssjef Andrè Nevstad har stor tru på Sondre Sandnes Beite:

- Sondre har hatt ei veldig positiv utvikling, og har vist gjennom både trening og kamp at han har potensial til å kjempe om ein plass på laget. Sondre er ein offensiv spelar, kvikk i rørslene og ein god driblar. Samtidig har han god spelforståing, og er flink til å sjå dei gode løysingane. Han kan spele i fleire posisjonar, men trivst nok best på høgre kant, trass i at han er venstrebeint. Vi har stor tru på Sondre, og gler oss til å følgje utviklinga hans vidare dei komande sesongane, uttaler Nevstad.

Sondre Sandnes Beite sjøl er godt nøgd:

- Eg har stortrivst i Hødd frå første dag eg kom til klubben, eg fikk ei mottaking av både trenarar og lagkameratar som eg set veldig stor pris på og som har betydd mykje for meg. Det er eit fantastisk fint miljø i klubben, og dei eldre rutinerte spelarane har bidrege til at steget opp på A-laget har gått fint. Eg har mykje å lære, og skal jobbe knallhardt for å utvikle meg vidare. For meg er dette ein draum som går i oppfylling.