Det er altså Skoringen sine butikkar ved Amfi Ulsteinvik og Amfi Ørsta som har blitt kåra til årets drivar blant dei 85 Skoringen-butikkane som finst i Norge.

- Eg vart svært overraska, for eg synest ikkje eg har gjort noko spesielt, seier Kjell Rune Opsahl.

Men administrerande direktør for Shoe-d-vision, Claus Thrane, synest ikkje Opsahl treng om å vere audmjuk i samband med kåringa.

- I 2014 har det vore hard konkurranse om å bli Årets Drivar, for mange Skoringen-butikkar har modernisert, og butikkane har generelt blitt betre på innkjøp. Dei har høgare salsprosent, omsetningsfart og bruttoavanse, og det betyr at mange også har betra rekneskapa sine, opplyser Thrane.

Ein del av kåring til Årets Drivar er basert på exit-intervju med eit stor tal kundar i kvar butikk. Forbrukarane har blitt bedne om å vurdere plasseringa av butikken, vareutvalet og kundeservicen.

Godt plasserte butikkar

Kundane viste seg å vere svært godt nøgde med plasseringa av butikkane.

- Vi har ei av dei beste plasseringane både i Amfi Ulsteinvik og i Amfi Ørsta. I Ørsta fekk vi høve til å flytte frå tredje til andre etasje då senteret utvida i 2012, fortel Opsahl, som har merka effekten av å ha den rette plasseringa  eit senter.

- Det å drive butikk krev samarbeid. Derfor kan alle som jobbar i butikkane, frå botn til topp, ta ein del av æra for at vi i år har blitt nummer ein, seier Kjell Rune Opsahl.

FAKTA:

Skoringen er ei frivillig kjede med ca. 220 butikkar i Norge og Danmark (85 i Norge). Kvart år kårar kjedesenteret Årets Drivar.