Hareid formannskap sa i siste møte ja til at grunneigarane i Gråtane naustområde på ytre Hareid kan starte ei detaljregulering av området – i lag med Per Mulvik AS. Men etter forslag frå ordførar Anders Riise (H) vart det hefta på eit kulepunkt om at kommunen ikkje vil gi opning for rorbuer med overnatting – ettersom dette ikkje er i samsvar med gjeldande kommuneplan.

Dette vart også vedteke samrøystes.

I vedtaket heiter det også at det i detaljreguleringa også må gjerast ei konsekvensvurdering av farenivået når det gjeld oppskyljing frå eit eventuelt skred frå Åkneset i Sunnylvsfjorden.

Det er grunneigarane i Gråtane naustområde som står bak planane – i fellesskap.