Ordet «fantastisk» florerte på Høddvoll etter Hødd sin TV-sende 3-0-siger over Brann måndag kveld.

– Ja, det var ei fantastisk oppleving, sa Hødd sin tomålsskorar Eirik Ulland Andersen etterpå. – Full stadion og ein kjempekamp av oss. Det kan ikkje bli betre.

Haugesundaren  hadde også den einaste store målsjansen den første halvtimen av kampen då han stakk gjennom på venstresida, men Brann-keeperen redda.

Men så klaffa det. I det 33. minutt stakk Ulland Andersen på eit genialt gjennomspel frå Fredrik Aursnes og sende ballen i mål til 1-0, som vart pauseresultatet. I 2. omgang auka haugesundaren til 2-0 – før «Brann-dødaren» Aursnes punkterte kampen med eit vakkert langskot. Etter 3-0 leika Hødd seg med Brann resten av kampen.

- Vi slo mange «firkantar» med dei etter kvart, ja, ler Ulland Andersen og vedgår at Hødd denne gongen var veldig motiverte.

Med tanke på at Hødd har falle ut av stilen i begge andreomgangane hittil i år (mot Strømmen og FFK) snakka trenar Eid også mykje om å stå kampen ut og halde fram i same stil i 2. omgang. Og det gjorde Hødd - til dei grader.

- Alle har fordel av kunstgras

Til spørsmålet om Hødd er blitt eit «kunstgraslag» og dreg fordel av kampar på slikt underlag seier Ulland Andersen at alle dreg fordel av kunstgras. – Det blir betre fotball av det, meiner han.

Og Hødd sitt avanserte tekniske kombinasjonsspel kjem av høg kvalitet i treningsarbeidet.

- Vi har eit godt lag, og målet vårt er å henge med i toppen, seier tomålksskoraren og legg ikkje skjul på at han kan tenke seg å spele  tippeligafotball.

Men blir det med Hødd?