Lions har teke eit tydeleg standpunkt mot narkotika. Dei har utvikla eit eige undervisningsopplegg, «Det er mitt valg», som blir brukt i skular og barnehagar. Det er betre å byggje born enn å reparere vaksne, tenkjer Lions og kursar lærarane i å gje born og unge eit grunnlag for å ta gode val. Dei vil slik førebyggje problemåtferd som sinne, mobbing og bruk av rusmiddel. Dette er med på å skape eit godt og trygt klassemiljø, som også er føresetnaden for god fagleg læring. Kursa gjev skulen og barnehagen eit konkret metodisk verktøy i det førebyggjande arbeidet mot bruk av rusmiddel, mobbing og vald.

Mitt valg trenar born og unge i å ta ansvar og setje grenser, å kommunisere godt, å byggje sjølvkjensle, å ta avgjerder og å setje seg mål.

Eit program som verkar

Tor Erik Sundby, leiar for Ulstein og Hareid Lionsclub, fortel at dei får gode tilbakemeldingar frå lærarar som har vore på kurs. Dette er noko som verkar, og lærarane vil ha meir kursing.

Det finst for tida mange haldningsskapande program for skulen. Utdanningsdirektoratet har plassert dette programmet i gruppa program som kan vise dokumenterte resultat. Programmet er tilpassa Kunnskapsløftet i skulen og er gjeldande rammeplan for barnehagen.

Ein periode etter at personalet i skule og barnehage har vore på kurs får dei tilbod om oppfølgingskurs for å dele er-faringar dei har gjort seg og rettleiing vidare.

Det er her tulipanane kjem inn i biletet

For å tilby kurs treng Lions pengar. Den årlege tulipanaksjonen deira går mellom anna til å finansiere kursa «Det er mitt valg».

Det er ein del bedrifter som kjøper inn tulipanar frå Lions for å støtte aksjonen, men det blir også høve for privatpersonar å kjøpe seg ein bukett eller to.

Laurdag stiller det lokale Lionslaget seg opp både i Hareid og Ulstein og sel bukettar med tulipanar.

Tor Erik Sundby håper dei får selje mange tulipanar, så Ulstein og Hareid Lionsclub blir i stand til å drive godt førebyggjande arbeid for born og unge. For det trengst.