Søre Sunnmøre landbrukskontor er eit samarbeid mellom kommunane Hareid, Herøy og Ulstein. Kontoret driv med landbruk-, skog- og viltforvaltning og er med å gje gardbrukarane kommunale tenester. Men no har Ulstein signalisert at dei vurderer å trekkje seg ut.

Styret i Søre Sunnmøre Landbrukskontor har no sendt ein uttale til politikarar og rådmann i Ulstein kommune om kor dårleg dei likar desse planane. Dei skriv at om Ulstein trekkjer seg ut av samarbeidet vil grunnlaget for samarbeidet om kontoret vere svekka i slik grad at det ikkje vil vere liv laga vidare. Konsekvensane vil ikkje berre råke Ulstein kommune, men også ha følgjer for kommunane Hareid og Herøy.

Usikre tilsette

Styret meiner at samarbeidet om landbrukskontoret gjev kommunane høve til å ha ein fagperson innanfor kvart av dei ulike fagområda som kontoret har ansvar for. Men no er dei tilsette på kontoret usikre på framtida for jobbane sine.

Styret ber Ulstein vente med denne saka til kommunereforma er gjennomført våren 2016.