Ulstein kommune har sendt ut melding om oppstart av arbeid med kommuneplanen sin samfunns- og arealdel. Det vil seie at det har starta arbeidet med å sjå på kva kommunen vil prioritere framover. I samband med det har Ungdomsrådet i Ulstein kome med ein felles uttale om kva kommunen bør sjå på. Dei har tre punkt.

1. Det er viktig at det blir sett av nok areal til barnehage, slik at kommunen har nok også i framtida.

2. Ungdomsrådet ser det som ein fordel med fleire areal til småbåthamner.

3. Ungdomsrådet meiner det er viktig at kommunen har nok areal til skule, og viser til brakkeriggen ved Ulsteinvik barneskule som har stått der i fleire år...