Med tilbakemeldingsfrist 27. mai har statsråd Solveig Horne og departementet hennar utfordra norske kommunar til eit stort fellesløft i busetjing av flyktningar i 2015 og 2016.

I Møre og Romsdal er det snakk om ei tredobling i høve til kommunane sine eigne alt vedtekne busetjingstal. Kommunane i fylket har alt vedteke å busetje 373 flyktningar i 2015 og 233 i 2016. No foreslår statsråden å auke til 895 i 2015 og til 940 i 2016.

58 fleire i Herøy

På Ytre Søre Sunnmøre er det Herøy som blir pålagde størst mottaksauke. Herøyværingane har vedteke å ta imot 20 flyktningar tilsaman i 2015 og 2016. No blir dei bedne om å ta imot 78 tilsaman!

Ved utgangen av mars sat det 5256 personar i norske asylmottak og venta på å få seg ein kommune å bu i. Flyktningkatastrofen i Syria – som er den verste sidan 2. verdskrig – har ført til eit auka busetjingsbehov.

I brevet til kommunane følgjer det også ein tabell der statsråden talfestar den ønskte auken i busetjinga. Busetjingstala baserer seg på at Norge tek imot og buset 5.000 syriske kvoteflyktningar både i 2015 og 2016.

For kommunane på Ytre Søre Sunnmøre inneber dette:

Ulstein:

Har vedteke å ta imot 20 flyktningar i både 2015 og 2016. Statsråden foreslår at 2015-kvoten blir auka med 5 til 25 og 2016-kvoten frå 20 til 27.

Hareid:

Kommunen har vedteke  å ta imot 10 flyktningar både i 2015 og 2016. Statsråden foreslår å auke til 19 i 2015 og 21 i 2016, d.v.s. ein auke utover vedtekne tal på tilsaman 20 på dei to åra.

Herøy:

Herøy kommune har vedteke berre 10 flyktningar kvart av åra 2015 og 2016. Her meiner statsråden at kommunen må gjere eit mykje større løft og foreslår 38 flyktningar i 2015 og 40 i 2016. Det vil altså seie ein auke 28 flyktningar i 2015 og 30 i 2016.

Sande:

Sandssokningane har ikkje vedtak på å busetje flyktningar i 2015 og 2016. No foreslår statsråden 13 i 2015 og 14 i 2016.

Vanylven:

Og endeleg får Vanylven oppmoding om å auke 2015-kvoten frå 11 til 19 og 2016-kvoten frå 7 til 21.

Statsråden skriv at det blir sett i verk økonomiske støtteordningar for å få kommunane til å busetje fleire.