Torsdag kveld hadde Hareid gode sjansar til å ta årets første heimesiger, men eit raudt kort til Hareid på stillinga 4-3 øydela kvelden for heimelaget.Sjølv om Hareid var farleg frampå etter berre eit minutt utan å lykkast, var ikkje heimelaget elles særleg gode første 15-20 minutta. Hareid var slurvete i det defensive spelet og pasningsspelet var under pari. Vartdal utnytta denne dårlege perioden til Hareid og gjekk opp i leiinga etter ti minutt. Steffen Elias Roth spelte fint gjennom til Eirik Kaland, som trilla ballen forbi Hareid-keeper Vagn Scheide Mork.

Hareid løfta seg litt etter målet. Etter 28 minutt utlikna Hareid ved Ola Kalvø Vattøy. Vattøy tok ein kort cornervariant, spelte vegg med Ole Magnus Melchior og sende kula fint inn i det lengste hjørnet. To minutt seinare var Vartdal farlege og hadde to sjansar etter kvarandre, men keeper Mork i Hareid-buret redda flott. Minuttet seinare kunne Vattøy ha gitt Hareid leiinga då han prøvde seg på ein chip, som ikkje vart høg nok. 1-1 til pause.Etter pausen var Hareid det beste laget det første kvarteret og spelte fin fotball, noko som også gav resultat. Etter 52 minutt gjekk Hareid opp i leiinga ved Thor-Ove Brekke. Brekke avslutta fint frå kort og litt skrått hald etter pasning frå Jon Andre Thue. Fem minutt seinare auka Brekke leiinga til 3-1. Vattøy spelte fint til Brekke, som finta vekk ein spelar på 16-meteren og plasserte fint med venstrefoten.Etter kvart såg det ut som Hareid skulle vinne med store siffer. Laget dominerte stort spelemessig, men slik gjekk det altså ikkje. Først reduserte Ristesund på eit fint frisparkmål frå ca. 25 meter. Så heada Ulrik Wingsternes inn eit cornerinnlegg av Vattøy frå høgresida. Dermed 4-2 til Hareid.

Dei fleste rekna no med at kampen var avgjort, men etter 75 minutt reduserte Vartdal igjen. Ristesund la inn frå venstresida. Ballen traff først stolpen, så keeper Mork og så gjekk han inn. Berre to minutt seinare fekk Vartdal straffespark etter at Eiliv-Tore Howlid stoppa ein ball med handa. Men i forkant av straffa burde keeper Mork ha fått frispark for å ha blitt dytta då han slo ut ballen. Howlid, som spelte sin kamp nummer 300 for Hareid, fekk raudt kort og måtte forlate bana og Ristesund skora sikkert for Vartdal på straffesparket – og dermed 4-4. Dette skapte vinnarvilje i bortelaget, som med ein mann meir på bana fekk sigersmålet til 5-4 åtte minutt før slutt v/Roth.

Ein varierande kamp av Hareid, som starta svakt, men avslutta første omgang bra. Også starten på 2. omgang var god. Dommaravgjerdsla i situasjonen før Howlid fekk raudt kort og Vartdal fekk utlikne til 4-4 på straffespark fekk mykje å seie for kamputfallet. Med litt meir hell og kynisme burde Hareid ha vunne denne kampen.

Neste kamp for Hareid er borte mot Norborg torsdag.Andre resultat i 4.-divisjon:Onsdag:* Langevåg – Norborg 2 – 0

I kveld:* Rollon –Vigra 2 – 0 * Emblem – Larsnes/Gursken 1 - 0* FK Sykkylven – Godøy 3 - 0Laurdag:* Ørsta - ValderKampfakta4.-divisjon, runde 3Hareid – Vartdal 4 – 5 (1-1)Hareidsmyrane stadionTilskodarar: 101Dommar: Rolf Jarle Eldevik.Gule kort: Nevstad, Wingsternes, Mork (Hareid). Eitt til Vartdal.Raude kort: Howlid (Hareid).Mål: 0-1 Kaland (10), 1-1 Vattøy (28), 2-1 Brekke (52), 3-1 Brekke (57), 3-2 Ristesund (61), 4-2 Wingsternes (65), 4-3 Sjølvmål (75), 4-4 Ristesund (78 str.), 4-5 Roth (82).Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Robin Jackson Indreflø (Jon Andre Thue 46), Eiliv-Tore Howlid, Ulrik Wingsternes, Joar Møller (Nauris Driksna 46) – Simon Holstad Grimstad (Fredrik Andresen 74), Alexander Nevstad, Ole Magnus Melchior, Runar Stranden – Ola Kalvø Vattøy, Thor Ove Brekke.*** Brekke** Vattøy* Driksna