- Det har generelt vore ei aktiv natt til 1. mai på Sunnmøre, kan operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Ole Bjørn Harang fortelje.

Det er loggført mange meldingar om festbråk og ulike ordensforstyrringar – spesielt  frå Ørsta/Volda og Ålesund.

- Heldigvis har vi ikkje fått meldingar om alvorlege ulukker og hendingar. 10 personar er pågripne og sett i arrest for ulike forhold.

I Ulstein og Hareid er det ikkje meldt om forhold der politiet har vore nøydde til å rykke ut.

Skryt av russen

Harang vel også å rose russen for å ha vore flinke med arrangmenta sine natt til 1. mai.

- Russen på Sunnmøre har hatt ulike møteplassar.  Politiet har eit klart inntrykk av at russen sine arrangement er gjennomført på ein grei måte, seier Harang.