Statens Vegvesen har sendt eit brev til Mørenett der dei påpeiker at Mørenett har opparbeidt ei ny driftsavkøyrsle langs fylkesveg 61 ved nordenden av Grimstadvatnet.

Mørenett har bygt avkøyrsla i samband med eit arbeid i området, men vegvesenet har ikkje motteke nokon søknad om å få etablert avkøyrsla, som dermed er ulovleg.

Dersom avkøyrsla ikkje er fjerna innan 1. juni, vil vegvesenet fjerne henne på opparbeidar si rekning, heiter det i brevet.