Sist haust sette Ulstein kommune ned ei gruppe med politikarar som skulle evaluere dei politiske reglementa. Det har dei no gjort.

I Ulstein kommune får ordføraren same løna som rådmannen, i 2014 fekk dei 965 000 kroner, men denne ordninga er no ope for drøfting. Eit alternativ er å løne ordføraren som ein stortingsrepresentant, i fjor var løna der 865 000 kr. Ordføraren i Hareid har ei årsløn på 8,6 G, dvs. 759 982 kr. Prosjektgruppa ber partia drøfte kva ordning dei synest er best.

Politisk sekretariat

Det har vore litt usemje i kommunestyret om Ulstein kommune bør halde fram dagens ordning med politisk sekretariat, der dei er underlagt ordførar, ikkje rådmann.

I det nye framlegget til reglement står det at politisk sekretariat skal vere underlagt ordføraren si mynde, men ordførar og rådmann skal i samarbeid sjå til at ein til ei kvar tid utnyttar ledig kapasitet i politisk sekretariat og sentraladministrasjon, slik at båe områda har nok ressursar til å utføre pålagde oppgåver. Politisk sekretariat får 1,5 stillingar, mot 1,7 stillingar som det er i dag.

Nyleg vart Svein Arne Orvik tilsett som politisk sekretær i Ulstein kommune. Stillinga er hundre prosent og erstattar Marianne Hatløy. Bjørg Haugland har også sagt opp stillinga si, så då blir det ledig ei halv stilling frå sommaren.