Det interkommunale barnevernet for Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta har levert si første årsmelding samtidig som tenesta flyttar inn i eit nytt felleslokale i Volda.

Ein merkbar auke i vald mot barn, er det som først og fremst uroar ved den grundige meldinga.

Ettersom 2014 var det første året med fellesdrift, har mykje av arbeidet gått med til å rydde opp i etterslep og til å samordne systema. At dei fire kommunane har fire ulike datasystem har komplisert arbeidet.

Fristbrot i 35 prosent av sakene

Barnevernet hadde fristbrot i heile 35 prosent av sakene i fjor.

Det mest alvorlege ved 2014 er likevel ein merkbar auke i vald mot barn, utan at dette blir talfesta. Det blir også meldt om mange far-mor-konfliktar.

2014 gav desse tala for nye meldingar til barnevernet (2013 i parentes):

Hareid 61 (53).

Ulstein 55 (38).

Volda 90 (81).

Ørsta 75 (116).

Totalt 281 (288).

Som vi ser fører nedgangen i Ørsta til at det samla sett i området har vore ein liten reduksjon i nye meldingar. Men det er verdt å merke seg at både Hareid og Ulstein har ein god del fleire enn året før. Ulstein sin auke er størst, men totalt sett er det få nye meldingar i Ulstein i høve til folketalet. Der er det Hareid og Volda som har høgast frekvens.

Men barnevernskontoret strekar under at tala er usikre på grunn av ulik praksis.

Når det gjeld barn under hjelpetiltak i heimen var stoda i 2014 slik:

Hareid 32.

Ulstein 41.

Volda 57.

Ørsta 47.

Eit anna sentralt tal i barnevernet gjeld barn under omsorg, d.v.s. barn som anten er plasserte i fosterheim eller på institusjon. Her er tala for 2014 slik:

Hareid 15.

Ulstein 14.

Volda 14.

Ørsta 17.

Den felles barnevernstenesta brukte vel 16,5 millionar kroner i 2014. Budsjettet for 2015 er på 18,9 mill. Då er det medteke investeringar i samband med innflytting i nye lokale og til samordning av kommunane sine system. Ved utgangen av 2014 hadde tenesta 31,3 årsverk som var retta mot lovpålagde barnevernstenester. Ytterlegare 30 årsverk gjeld berre Ørsta og Volda og går på einslege mindreårige flyktningar i dei to kommunane.