– Poenget er at ein skal gjere noko sunt, og at ein skal gjere noko for veldedige formål.

Det fortel Björn Östbye i Aktiv Trening som laurdag 13. juni skal arrangere Aktivløpet 2015 på Hareid.

Det nystarta løpet, med første utgåve denne sommaren, skal gå i same traseen som Grimstadvatnet Rundt, og løpet er delt inn i tre klasser. Ei for bedrifter der det skal vere fire på kvart lag. I tillegg blir det ei trimklasse og ei konkurranseklasse. For som Östbye slår fast; Ein må ikkje konkurrere.

– Dei som vil bli tatt tid på tar vi tid på, men det er ikkje det som er hovudfokuset. Sjølv om det sjølvsagt er lov å konkurrere.

Tidlegare denne veka var Björn Östbye, Marianne Aas Krog og Nina Furseth ein tur ved start- og målområdet ved Hareid stadion for å fortelje om løpet.

– Vi vil bli meir synlege også når det gjeld utandørstrening. Vi er for trening og helsing generelt, ikkje berre innandørstrening. Vi ønskjer å få positiv stemning rundt trening, at det ikkje berre skal vere fokus på konkurranse, men på mosjon og deltaking, fortel Östbye.

– Det handlar om samhald og at vi samlar inn pengar og gjer noko bra, skyt Marianne Aas Krog inn.

Som Östbye nemner er det ikkje berre den fysiske biten som tel, men også det at ein kan gjere noko for ei god sak.

Han fortel at ein ønskjer å gjere Aktivløpet til eit årvisst arrangement, og at ein kvart år vil gje inntektene til eit veldedig formål.

– I år går det til Hareid frivilligsentral. Det vil variere frå år til år. Vi er avhengige av lokalsamfunnet og bryr oss om lokalsamfunnet. Derfor ønskjer vi også å gje noko tilbake til lokale gode formål.

Östbye fortel at ein ikkje ønskjer å berre sende frå seg pengar til ein stor organisasjon der ein ikkje ser igjen kvar dei innsamla pengane blir av.

– No gir ein det til noko som folk lokalt kan nyte godt av, og noko som ein ser igjen lokalt, fortel han.

Det er mogeleg å melde seg på Aktivløpet ut mai, og det skal også vere mogeleg å melde seg på sjølve løpsdagen, men då vil deltakaravgifta auke med 50 kroner.

Sidan Aktivløpet vil dele trasé med Grimstadvatnet rundt, vil mange vere kjende med ruta.

– Det er passeleg langt, også dersom ein skal ein vil gå turen så er det fint. Det går på lite trafikkerte vegar og på gang- og sykkelveg.