Mannskapet på Bourbon Orca får prisen for redningsaksjonane dei gjennomførte i hausten 2014, og for å ha varsla norske og internasjonale styresmakter om situasjonen i Middelhavet, skriv Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) i ei pressemelding.

Annette Thommesens Minnefond har som mål å auka forståinga for situasjonen til asylsøkarar og flyktningar i Noreg.Hausten 2014 redda mannskapet 1910 menneske gjennom 15 ulike redningsoperasjonar utanfor kysten av Libya. Ingen norske skip var i nærleiken av å redde like mange liv i fjor. No er båtsesongen i gang igjen for fullt, samstundes som det manglar ein samla og koordinert innsats frå EU.

– Vi fryktar dette kan bli det verste året for drukningsulykker i Middelhavet. Kampen for ein brei, europeisk humanitær innsats er ikkje over. Håpet vårt er at jo betre innblikk europeiske politikarar får i kva som faktisk skjer i Middelhavet, dess vanskelegare blir det for dei å ignorere det, seier Christian Remøy, førstestyrmann frå Bourbon Orca til NOAS.

Remøy og mannskapet på Bourbon Orca har vedteke å gi prispengane på 20.000 kroner til italiensk Røde Kors og det humanitære arbeidet deira blant båtflyktningar på Sicilia og Lampedusa.