I eit informasjonsmøte med dei tilsette i Norge, i dag, tysdag, informerte leiinga i Rols-Royce Marine at selskapet seg seg nøydde til å redusere talet på tilsette med om lag 200 før sommaren.

325 før året er omme

Innan utgangen av året vil den totale reduksjonen i Norge kunne auke med ca. 125, til totalt 325.

- Vi er i endring, og har gjort gode framsteg med å redusere kostnadene våre. Den låge oljeprisen og reaksjonen i marknaden på den, tvingar oss til å gjere ytterlegare tiltak, kommenterer Mikael Makinen, president i Rolls-Royce Marine.

I dag har det blitt halde allmøte ved ni lokalsjonar hos Rolls-Royce Marine, seks på Sunnmøre og tre i Hordaland.

- Dei tilsette har i dag blitt orienterte om prosessen fram mot sommaren, og vi har snakka litt om utfordringane i marknaden. Vi må tilpasse oss, og sikre ei  rett organisering ut frå ordreboka og samstundes vere posisjonert for moglegheiter i framtida, seier John Knudsen, leiar for forretningsområdet Commercial Marine, som blir leia frå Norge.

Trur på ei betre marknadsutvikling på sikt

- Vi har sterk tru på ei betre marknadsutvikling på lengre sikt for produkta og kompetansen vår. Rolls-Royce skal halde på posisjonen som ein leiande leverandør av maritim teknologi, og Norge vil framleis vere kjernen og hjernen i organisasjonen vår, forsikrar John Knudsen.

Avgjerda måndag om å nedbemanne i Marinedivisjonen, kjem i tillegg til endringar som allereie er gjennomført, om å konsolidere produksjon ved fleire fabrikkar i Rolls-Royce UK, USA, Norge, Sverige og Sør-Korea.