Fredsprisvinnaren, fagforeiningsleiaren og tidlegare president i Polen, Lech Walesa, var tysdag  hovudtalar under Oslo Senter for Fred og Menneskerettigheter sitt årlege seminar.

Senteret hadde invitert Einar Magne Flø til å stille ut serien på 13 bilete som han laga på 1980-talet. Serien har namnet "Draumen om Lech Walesa og Solidaritet", og er basert på ein draum som kunstnaren hadde.

Serien er stilt ut på Bristol Hotel i Oslo sentrum, der også konferansen med dei om lag 180 deltakarane blir arrangert.

Rundt klokka 16.30 i kveld kom Lech Walesa, i følgje med ei dotter, bodyguard og leiar Kjell Magne Bondevik ved Oslo Senter for Fred og Menneskerettigheter, til utstillinga og konferansen på Bristol.

- Walesa verka interessert

- Eg hadde fått i oppgåve å gi han ei omvisning på engelsk, og Walesa verka interessert. Han kommenterte til meg at han kjende att situasjonar frå bileta mine, fortel Flø.

Lech Walesa har tidlegare sett ein film som NRK har laga om serien "Draumen om

Lech Walesa og Solidariet", men han har aldri sett bileta konkret. Det er i år 33 år sidan serien vart laga.

Fekk overrekt bilete

- Kjell Magne Bondevik har på vegne av Oslosenteret kjøpt ein akvarell i seiren, og denne vart overlevert til Lech Walesa. Eg trur Walesa likte det, og eg vart kalla fram for å vere med på overleveringa, fortel Einar Magne Flø.

Flø var tilhøyrar på seminaret der Walesa heldt foredrag, og der han mellom anna sa at styringsmetodane til president Putin i Russland er utgått på dato.