Frå i sommar innfører Statsbygg endå strengare tryggleiksreglar for arbeidsplassane sine. Dei innfører elektronisk adgangskort, synleg ID-kort til ei kvar tid, halvparten av arbeidarane skal vere faglærte, tryggleiksreglar skal vere tilgjengelege på alle relevante språk og alle framandspråklege skal han ein norsktalande kontaktperson.

Språk kan vere ei utfordring

Ein tredjedel av dødsulukkene på norske arbeidsplassar rammar utanlandske statsborgarar. Harald Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg, seier at språk kan vere ei utfordring for utanlandske arbeidstakarar. Statsbygg har arbeidd med å få ned skadetala. Som offentleg byggherre ønsker dei å vere ein rollemodell innan tryggleik, helse og arbeidsmiljø.

På byggjeplassen i Regjeringskvartalet har alle arbeidarane fått klistra flagg på hjelmen, så dei ser kva språk dei snakkar.