Det var i samband med behandlinga av Stortingsmeldinga for framtidig kapasitet i kriminalomsorga at eit fleirtal i Justiskomiteen har kome med merknader om at bygningsmassen ved Ålesund fengsel ikkje er eigna for vidare drift, og bør skiftast ut.

Dei løftar også fram den dårlege ressursbruken som den manglande soningskapasiteten fører til.

Ålesund fengsel var i utgangspunktet ikkje nemnt i Stortingsmeldinga, og regionrådet har jobba intenst for å få inn denne marknaden.

Soningssenter

- Merknadene er svært gledelege, og eit viktig gjennombrot for å få realisert planane om om eit soningssenter på Sunnmøre, kommenterer Riise.

- Det har vore jobba mykje og lenge med denne saka, og det at alle 19 kommunane, med støtte frå Kriminalomsorga, har stått samla har vore heilt avgjerande for å lukkast.

Også representantar frå Mørebenken, med Nesvik i spissen, har vore svært viktige, seier Riise.

Han legg til at det framleis er mykje arbeid igjen før soningssenteret er ein realitet.

- Men at fleirtalet går inn for å erstatte Ålesund fengsel med eit nybygg inneber at vi kan gå vidare med planlegginga og sørge for å sikre prosjektet naudsynt finansiering, kommentrer Riise.

Første i sitt slag i Europa

Konseptet Sunnmøre soningssenter er utarbeidd av Sunnmøre regionråd i samarbeid med Kriminalomsorga. Det er eit nyskapande prosjekt, og heilt i tråd med det departementet ser som viktige utviklingstrekk ved framtidig kriminalomsorg.

Sunnmøre soningssenter vil ha alle typar straffegjennomføring frå høgaste tryggleik til soning i samfunnet, og vil vere det første i sitt slag i Europa.