Mannskapet på det norske supplyskipet Bourbon Orca fekk onsdag tildelt Annette Thommesens Minnepris 2015. Det skjedde under ei markering på Litteraturhuset i Oslo.

Prisen fekk mannskapet for arbeidet med å redde 1910 båtflyktningar utanfor kysten av Libya hausten 2014. Dei varsla styresmakter i Noreg, EU og FN om den alvorlege situasjonen, ein situasjon som er uendra.

– Prisen er i Annette Thommessens ånd slik UNHRC kjende ho. Behovet for internasjonal innsats, solidaritet, engasjement og nestekjærleik er med den syriske flyktningkrisa større enn nokon gong, sa Karolina Lindholm Billing, frå FNs Høgkommissær for flyktningar UNHCR under seremonien onsdag.

Heilag handling

Til stades var også statssekretær i Justisdepartementet Jøran Kallmyr. Han heidra Bourbon Orca-mannskapet.

– Å redde liv er ei heilag handling. Kvart liv er uerstatteleg, sa Kallmyr.

Gir pengane vidare

Endre Leine, QHSE Manager i Bourbon Offshore Norway. tok imot prisen på vegner av Bourbon Orca. Leine fortalde om dei totalt 15 redningsoperasjonane dei gjennomførte i Middelhavet.

– Internasjonale konvensjonar forpliktar eit kvar skip til å assistera når nokon er i havsnaud. I tillegg har me ei moralsk plikt, fortalde Leine.

Mannskapet har bestemt seg for å gi prispengane på 20.000 kroner til den italienske Raudekrossen for arbeidet deira med flyktningar på Lampedusa og Sicilia.