Erling Laugsand, leiar i Senterungdommen, samanlikna først tema han og Jenny Klinge skulle prate om, høvesvis lokalsjukehusa og nærpolitireforma, samt beredskap.

- Begge tema handlar om kva for tenester vi har i kvardagen. På dette området står vi i rak motsetning i forhold til dagens regjering. Dagens regjering er for sentralisering, vi er for tenester som er nære folk, med folkevalt styring. Det er få område det blir så synleg på, som i debatten kring lokalsjukehusa, seier Laugsand.

Vil avvikle foretaksmodellen

- Vi er eit veldig klart alternativ til politikken som førast. Ein ser meir og meir tydeleg at sentraliseringspolitikken ikkje fungerer for Norge.

Laugsand tok så opp forslaget frå Senterpartiet sine stortingsrepresentantar Kjersti Toppe, Per Olaf Lundteigen og Janne Sjelmo Nordås, om å avvikle foretaksmodellen og innføre folkevalt styring av sjukehusa.

- Vi i Senterpartiet har vore i mot dagens foretaksmodell heilt i frå starten. Sjå til dels på sjukehusdebatten mellom Molde og Kristiansund. Vi vil ha meir demokratisk styring. Vi vil at kvart enkelt helseforetak får sitt styre, med politikarar frå Fylkestinget, for å flytte makta nærare veljaren.

Kvifor er det så store utfordringar med å berge lokalsjukehus, spør Laugsand retorisk.

- Eg meiner det er fordi at fageliten skal styre i eit politisk område. Lokalsjukehusa er for «små», vi treng større einingar, får vi høyre. Det finnast ingen statistikkar som seier at det skjer fleire ulukker på mindre sjukehus.

Olav Myklebust, fylkesleiar i Senterpartiet, passa på å komme med ein kommentar til Laugsand sitt innlegg.

- Ein skal ikkje tene pengar på sjukdom.

- Meir til tenestene, mindre til store bygg

Så fekk Senterpartiet sin ordførarkandidat Lisa Mari Breivik Anderson presentere lokallaget. Anderson startar med å fortelje Jenny Klinge og Erling Laugsand at ho har vore åleine i kommunestyret dei siste fire åra.

- Målet er jo heilt klart å få inn fleire. Det er mykje pengeverdiar som rår i kommunen, og nettopp difor meiner vi det er viktig å tenkje meir på enkeltmenneska, ikkje det å bygge store bygg. Vi vil ha meir pengar til tenestene vi som kommune er ansvarlege for, vi vil ikkje auke lånegjelda meir. Vi meiner det mellom anna er viktigare å få ned sjukefråveret i helsesektoren framfor å bygge stort og nytt i Ulsteinvik, seier Anderson og legg til:

- Eg er oppteken av at Ulstein og regionen rundt skal vere ein god stad å bu i.

Må fokusere på førebygging

Først ønskja stortingsrepresentant Jenny Klinge å takke Ulstein sin Sp-ordførarkandidat, for ein fin gjennomgang.

- Det Lisa Mari har sagt minner meg på verdien av gode lokalpolitikarar. Vi ynskjer å gjere eit godt val til hausten, det er heilt klart, seier Klinge.

Beredskap er eit ord som har vore mykje brukt dei fire siste åra, spesielt sidan Utøya. Det har blitt mykje større fokus på kva vi kan gjere for at slikt ikkje skal skje igjen.

- Vi gløymer diverre meir og meir det med førebygging. Førebygging burde vi setje av nok ressursar til.

Klinge kritisk til nærpolitireforma

Senterpartiet er sterkt kritisk til den såkalla nærpolitireformen, ein reform som skal sikre eit kompetent og effektivt lokalt nærpoliti, der befolkinga bur.

- Dei kan ikkje kalle det for ein nærpolitireform. Det skal bli færre politikontor. Det er ein verdi i seg sjølv med ein lensmann og det lokale politikontoret.

Klinge trur ikkje denne reforma vil slå veldig hardt ut på Søre Sunnmøre, men mest i meir grisgrendte strøk i fylket.

- Vi skal likevel bry oss, og stå opp i mot dette.

Politikarane skal bestemme dette, ikkje politidirektoratet, meiner Klinge.

- Gjer dei det får ikkje vi, folket, seie vår meining. Då vil skjebna til eit solid norsk politi ligge i hendene på fageliten, ikkje dei folkevalte, og det er ikkje bra, seier ho.

Klinge passa også på å skryte av Ulstein Brannvesen, som ikkje hadde eit avvik under sist tilsyn.

DSB føreslår ei redusering til 19 brannvesen på landsbasis, frå nærare 300 i dag.

- Ikkje lurt, meiner Klinge og legg til:

- Ein einaste brannsjef per fylke vil ikkje fungere, det er eg overtydd om, seier ho avslutningsvis.