Det var nesten som å sjå eit anna Hareidlag med tanke på det Hareid har prestert på heimebane tidlegare i år – i serien. Laget starta kampen godt, var tente frå start av, noko som gav eit godt resultat til slutt.

Første omgangen var Hareid effektive og spelte fin fotball. Fem minutt ut i kampen la Ola Kalvø Vattøy fint inn frå høgresida, og på innlegget heada ein FKS-spelar i eige mål og dermed 1-0. Hareidskarane som har skuffa på heimebane til no køyrde på etter målet og hadde brukbar kontroll på kampen, sjølv om gjestane kom til eit par halvsjanser. Den unge FKS-kapteinen, Håkon Hanssen var farleg for gjestane ved nokre høve, men Hareid-forsvaret stod bra i mot.

I staden auka Hareid leiinga. Etter 20 minutt vart Brekke fint spelt gjennom, men inne i sekstenmeteren vart han felt bakfrå av Jan Robert Lyngvær som fekk raudt kort og dommar Richard Olsen peika på straffemerket. Alexander Nevstad tok straffa og sende ballen og keeperen til kvar sitt hjørne. Utvisninga påverka spelet til FKS og inn mot pause hadde gjestane nesten ingenting å komme med.

Hareid utnytta overtalet og auka leiinga til 3-0. Vattøy la hjørnesparket frå venstresida fint inn og Brekke heada kontant i mål frå kort hald. 3-0 var også resultatet til pause noko som var fult fortent ut frå spel og sjansar.

Meir spanande etter pause

Andre omgangen var Hareid mindre dyktige og inviterte FKS tilbake inn i kampen. Det utjamna kampen noko som førte til at Hareid måtte «slite seg» til sigeren. Etter 60 minutt mista Hareid ballen høgt opp i bana, Håkon Hanssen førte ballen rask og fint langs høgresida og etter ein klabb og babb i feltet reduserte Trygve Johan Furland til 3-1.

To minutt etter reduseringa fekk Hareid nytt straffespark, etter at Runar Stranden vart felt på veg mot mål etter ein fantastisk raid frå nesten eigen banehalvdel. Straffa tok Nevstad – som den første. Det blir feil å seie at Nevstad på bomma på straffa, fordi han sette den lang ut i hjørnet, men det er rettare å seie at FKS-keeper, Robin Andreas Jørgensen, redda flott.

FKS gav aldri opp og gjorde avslutninga på kampen spennande. Etter 85 minutt scora FKS. Men dommar Olsen dømde offside etter ein liten diskusjon med assistenten Oddbjørn Aam. Tre minutt seinare varta Vagn Scheide Mork med flott redning når FKS-spissen avslutta frå kort hald. Heilt på tampen av kampen hadde innbytar Martinus Røyset Bakken god moglegheit då keeperen var litt langt ute, men lobben gjekk over målet. Dermed enda kampen 3-1 til Hareid og det smakte utan tvil godt for heimelaget etter tre heimetap i serien i år.

Andre resultat i 4.-divisjon:

* Langevåg – Vigra 1 – 1

* Rollon – Godøy 3 – 3

* Emblem – Vartdal 4 - 0

Fredag:

* Norborg – Ørsta

* Valder – Larsnes/Gursken

Kampfakta

4.-divisjon, runde 6

Hareid – FK Sykkylven 3 – 1 (3-0)

Hareid stadion

Tilskodarar: 108

Dommar: Richard Olsen, Ørsta.

Gule kort: Alipoor, Brekke, Bakken, Thue, Vattøy (Hareid). Aarseth (FKS).

Raude kort: Lyngvær (FKS).

Mål: 1-0 Sjølvmål (5), 2-0 Nevstad (20), 3-0 Brekke (38), 3-1 Furland (60.9

Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Nauris Driksna, Eiliv-Tore Howlid, Ulrik Wingsternes, Hiwa Alipoor – Ola Kalvø Vattøy (Fredrik Andresen 89), Alexander Nevstad, Jon Andre Thue, Runar Stranden (Simon Holstad Grimstad 65)  – Thor Ove Brekke (Martinus Røyset Bakken 65), Georg Eikrem Olsen (Tore Johan Ytre-Hauge).

*** Brekke

** Stranden

* Vattøy