Tidleg måndag morgon, lokal tid, var Monika Haanes Waagan og søstera Ann Lovis Haanes på plass i Katmandu, hovudstaden i Nepal. Der skal dei vere ei veke, for å sjå til at presenningane dei får frakta frå Sande-verksemda Plany sin indiske leverandør kjem fram dit dei skal.

Lastebilen med 600 presenningstak er pakka og på veg til Nepal. Når lastebilen er framkomen kan distribueringa ut til nepalske familier i Dhading-distriktet, som er eit av dei hardast ramma områda, starte.

- Vi har berre vore her sidan i dag tidleg. Vi har gått rundt og sett øydeleggingane. Det er forferdeleg trist å sjå korleis her ser ut no. Det er forferdelege øydeleggingar rundt oss på alle kantar. Vi klarer ikkje å forestille oss kreftene som har vore i sving, seier Monika Haanes Waagan til Vikebladet Vestposten via ei skurrete telefonlinje frå Nepal måndag.

Nesten folketomt i hovudstaden

Monika fortel at dei sterkaste inntrykka dei har fått kjem frå menneska dei har møtt.

- Det verste er å høyre forteljingane frå dei som har vore nøydde til å flykte frå heimane sine, og som ikkje visste om dei andre rundt dei ville overleve.

Monika fortel om eit Nepal som trass i det forferdelege som skjedde, har roa seg etter jordskjelva.

- Mykje har roa seg igjen, ting har byrja å komme tilbake til normalen i Katmandu. Men, det er nesten folketomt her. Det brukar å vere mykje trafikk, og mykje folk, mange har reist vekk i frå byen, ut til der dei kjem i frå opphavleg, fortel Monika.

Nådde målet på 12 dagar

Laurdag 25. april råka eit jordskjelv på 7,9 på Richters skala Nepal. 8.500 menneske er rapportert omkomne etter naturkatastrofen. 1. mai starta Monika Haanes Waagan, med si bedrift Akka tekst, ektemannen Børre Waagan, som er dagleg leiar for Plany, og foreldra til Monika, Lilly og Karl Johan Haanes, som driv Arkoreiser, Presenningsdugnaden. 13. mai hadde initiativtakarane samla inn nok pengar frå privatpersonar og næringslivet i regionen til 600 presenningstak, til ein verdi av 300.000 kroner. Dette tilsvarar ein fullpakka lastebil med slike presenningar.

- Det viktigaste er at folk får tak over hovudet, sa Monika Haanes Waagan til Vikebladet Vestposten etter at dugnaden var starta.

No er altså målet nådd, og det som står att er å få levert ut presenningane til dei som treng det.