- Vi konstaterer at han har trekt ynskjet om å ikkje forlenge åremålet, og kommunestyret skal behandle det deretter. Vi skal handsame ønskjet om å forlenge i tråd med arbeidsavtalen, seier ordførar i Hareid, Anders Riise.

Rådmann Bent Arild Grytten har vore rådmann i Hareid sidan 2010. Stillinga er på seks års åremål, og går følgjeleg ut neste år. Men i samsvar med kontrakten skal partane, Hareid kommune og Grytten, avklare eit år i førevegen om stillinga skal forlengast.

For ei tid tilbake gjorde formannskapet vedtak om å be forhandlingsutvalet kome med ei tilråding og avklaring av åremålsstillinga til rådmannen. Og saka skulle opp i Hareid formannskap 23. april, og deretter vidare til kommunestyret same dag.

Sa opp før formannskapsmøte

Men saka fekk ein ny vri. Før formannskapsmøtet varsla Bent Arild Grytten via e-post at han ikkje vil forlenge åremålet. Forlenging av åremålet vart følgjeleg trekt frå sakskartet både i formannskapet og kommunestyret. Grytten var på det tidspunktet sjukmeld. Hareid kommunestyre vedtok torsdag 23. april å delegere til formannskapet å peike ut fungerande rådmann i Bent Arild Grytten sitt sjukefråvær.

- Situasjonen er krevjande, og vi reknar med at vi i første omgang kjem til å konstituere ein rådmann frå eigne rekker, kommenterte ordførar Anders Riise då saka blei kjent i april.

Nils Yngve Nupen blei konstituert rådmann, men i inneverande veke er det Oddbjørn Grimstad som fungerer som rådmann, sidan Nupen avviklar ferie.

No kan enda på visa vere at Grytten kjem tilbake igjen for fullt.

Bent Arild Grytten ønskjer ikkje å kommentere saka til Vikebladet Vestposten, før ekstramøtet i formannskapet og kommunestyret 2. juni.