Vedtaket vart gjort etter hasteparagraf 13, og inneber at saka ikkje skal vidare til Fylkestinget.

Ferja som skal setjast inn er reserveferja "Høgsfjord", som alt har gått i sambandet i periodar.

- Det er ikkje andre ferjer å setje inn, seier Gjerde.

12 turar pr. dag

Planen er at ferje nummer tre, "Høgsfjord", skal gå 12 turar i døgnet, frå tidleg om morgonen til ut på ettermiddagen.

- Dette vil auke frekvensen, og det vil få ferjer til fleire ulike tider. Men først og fremst vil det hjelpe på kapasiteten. Venstre har hatt tre ferjer i programmet sitt, og det er veldig gledeleg at det kjem på plass frå hausten av, kommenterer Gjerde.

Trafikken kan minke

Hittil i år har det vore svært mange bilar som har stått att på kaia når ferja har lagt frå kai, fordi det ikkje har vore plass nok om bord. Ferje nummer tre blir sett inn i ein periode med nedgang i arbeidslivet. Gjerde vedgår at det blir spennande å følgje med korleis trafikken utviklar seg i sambandet Hareid-Sulesund utover hausten og vinteren.

- Vi kan ikkje gjere anna enn å følgje med kor stort behovet for tre ferjer vil vere.

Vedtaket om tre ferjer gjeld for 2015.

Finansiert med fond

- Vi kjem til å bruke 14,6 millionar kroner ekstra, og pengane har vi teke av fond. Vi har ikkje fått nok ferjemidlar til å finansiere tre ferjer. Staten har ikkje tatt omsyn til den store trafikkauken på sambandet.I Møre og Romsdal manglar vil om lag 100 millionar kroner til ferjetrafikken, og det er om lag like gale langs heile kysten, seier fylkesordførar Gunn Berit Gjerde.

Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) er svært glad for vedtaket i Fylkesutvalet om å setje inn i tredje ferje i sambandet Hareid-Sulesund. (Arkivfoto).