I arbeidet med kommunereforma har dei 13 kommunane Giske, Haram, Hareid, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Ørskog og Ålesund gått saman for å utgreie mulig samanslåing. Prosjektet har fått namnet Regionkommune Sunnmøre.

Prosjektet representerer 107.000 innbyggarar og omlag 40 % av innbyggarane i Møre og Romsdal.

Tysdag 2. juni kjem kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner til Ålesund. Sanner vil få presentert arbeidet med utredningsalternativet Regionkommune Sunnmøre, gi sine tilbakemeldingar på arbeidet og svare på spørsmål frå kommunane.

- Vi har store forventingar til besøket, seier ordførar i Haram, Bjørn Sandnes, som saman med ordførarkollega Bjørn Tømmerdal i Ålesund tok initiativet til dette utgreiingsarbeidet.

- Etter det vi har kjennskap til er dette det største kommunereformprosjektet i landet, seier Sandnes.

Sanner har fått ei liste med spørsmål og problemstillingar som dei ønskjer at kommunal- og moderniseringsministeren skal svare på.

- Utgreiinga skal være ferdig i løpet av august, og vil være viktig for dei vidare prosessane i kommunane. Det er heilt sentralt for kommunane å få klare signal frå Sanner om kva han tenkjer om ei regionkommune på Sunnmøre, seier Bjørn Tømmerdal.