Politiet i Ulstein og Hareid har natt til laurdag vore nøydde til å rykke ut til eit slagsmål med fleire involverte i Ulsteinvik. Rundt klokka 03.00 fekk politiet meldinga om slagsmålet, og drog rett til utestaden der det skulle ha skjedd. Vel framme var det ein av dei involverte som moglegvis fekk nasebrot. Ein mann i 30-åra blir meld etter slagsmålet, melder operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Trygve Ødegård.