Godt med folk hadde teke turen til Kafé Josefine i Kjøpmannsgata på Hareid laurdag. Kafeen bugna med skodelystne loppejegarar, som kika på alt i frå bileterammer til koppar og kar, og møblar.

- Det meste skal vekk, fortalde Anna Josefin Jønsson til ei dame som spurde ho.

- Arrangerer du loppemarknad for å lette litt på kjenslene kring det at du no legg ned?

- Det er heilt klart, samstundes som eg treng å kvitte meg med mykje av det eg har fått tak i. Eg er veldig glad i og for gjenbruk, og dette er min måte å gi møblane og tinga eit liv etter at Kafé Josefine er lagt ned, seier Jønsson til Vikebladet Vestposten.

- Eit eventyr

Jønsson ser tilbake på eit år med mange gleder og gode erfaringar.

- Dette har vore eit eventyr, eit livsendrande år. Eg har vekse og tileigna mykje kunnskap og erfaringar. Eg føler meg ferdig med dette, og er klar til å gå vidare i livet mitt, seier ho.

Ny kafé med nytt namn

Men frykt ikkje, det vil framleis bli kafé i lokalet der Kafé Josefine heldt til.

- Silje Knudsen tek over lokalet, og her blir på ny liv og glede i lokalet, fortel Anna Josefin Jønsson og legg til:

- Kafeen vil få nytt namn, og opning vil bli i løpet av sommaren.