Ti kommunar i Noreg er i gang med eigne prosjekt som skal få personar med demens til å leve eit aktivt liv så lenge som mogleg.

– Det viktigaste med denne kampanjen er at det blir lagt meir til rette for at personar med demens enklare kan ferdast rundt i kvardagen, men samtidig få hjelp og møte meir respekt, seier generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Lisbeth Rugtvedt til NRK.

I 2013 gjekk inntektene frå TV-aksjonen til demenssaka til Nasjonalforeningen for folkehelsen. Etter aksjonen ville foreininga gjere fleire tiltak, blant anna å få fleire kommunar til å signere ein kontrakt for å bli meir demensvennleg.

– Det er viktig å hugse på at dei aller fleste som har demens bur heime og at dei skal vere i stand til å leve eit aktivt liv. Men mange har problem med å orientere seg i kvardagen, gå på butikken, vite korleis dei skal komme seg rundt og så vidare. Alt dette kan bli mykje lettare viss ein blir møtt med meir forståing, seier Rugtvedt.

Dei kommunane som førebels har signert kontrakten er Moss, Ulstein, Bærum, Askøy, Arendal, Løten, Hamar, Gjøvik, Grimstad og Åfjord. Små og enkle grep kan gjere store forskjellar, meiner generalsekretæren.

– Kommunane må sjølv velje ut kvar dei trur at skoen trykkjer, og finne ut kva dei har kapasitet til å setje i gang med, seier Rugtvedt.

Ho tilrår kommunane å lage ei arbeidsgruppe der ein trekker med dei som er mest berørte, for eksempel pårørande og dei som sjølv har demens.