Etter at fylkesrådmannen oppdaga feilen om at formannskapet hadde vedtatt salet av Hareid Godsterminal til DIMO AS, måtte saka vedtakast i kommunestyret. Det blei gjort måndag kveld i eit ekstramøte i kommunestyret, for anledninga i aulaen på Hareid skule.

Sjølv om alle meinte at saka var enkel, blei det diskutert i vel éin time. Det vart ein kamp om kven det var som eigentleg slo politisk mynt på saka.

– Tilbodet ikkje godt nok

Den første som tok til talarstolen, var Øyvind Grimstad i Frp, som meinte at saka var enkel. Han meinte, saman med resten av representantane frå Frp, at tilbodet ikkje var godt nok, og melde at Frp ikkje ville gå inn for sal.

Einar Warholm i Venstre meinte også at saka var enkel, men retta kritikk mot reknestykket til Frp, som han meinte at ikkje inkluderte meirverdi, berre materielle gode. Han sa seg elles einig i at tomta kunne vore betre og breiare annonsert, ettersom annonsering om salet av eigedommen utelukkande var i Regionavisa og på Hareid kommune si nettside.

Anders Riise (H) var, som dei to andre, av den oppfatning at saka var enkel. Han lente seg på Warholm og etterlyste meirverdien og arbeidsplassane som ein del av Frp sitt reknestykke. Han meinte at avtalen var det beste ein kunne oppnå.

Politisk myntslenging

Det var Perny Ann Nilsen (Frp) grovt ueinig i. Ho meinte at Riise prøvde å slå politisk mynt på saka, fordi han «trakka kraftig i salaten for eitt år sidan». Ho omtala tomta som ein juvel, og meinte at ein må tenke forretning i staden for å gi vekk verdi.

Riise tok til talarstolen igjen og sende ballen tilbake, og meinte ein burde vere forsiktig med å hevde kven som prøvde å slå politisk mynt på saka. Kommunestyremøtet handla denne gongen om at formannskapet hadde gjort ein formell feil, meinte han.

Det meinte også Ann Helen Grimstad Worren (V), som uttrykte at ho var litt irritert, ettersom det einaste som ikkje var greitt, var kven som fatta vedtaket. Ho etterlyste godvilje, så ein omsider kunne bli ferdig med saka.

Stemmene vart fordelt 4 mot 17.