Torsdag slapp fylkesmannen i Møre og Romsdal den årlege rapporten om den økonomiske tilstanden i kommunane. I rapporten kan ein sjå utviklinga i kommuneøkonomien, samla og individuelt, frå eit utvalg av indikatorar som viser den økonomiske situasjonen og utviklinga.

Blant dei mest interessante tala i rapporten, kan ein sjå at Ulstein kommune har ein grov feilbalanse mellom lånegjeld og driftsinntekter. Av ei 36 kommunane i Møre og Romsdal, er Ulstein den kommuna som har høgast netto lånegjeld sett i forhold til brutto driftsinntekter.

Differansen mellom inntekt og lånegjeld er på 187 prosent. Det vil seie at Ulstein kommune må bruke omlag dobbelt så mykje som dei har i bruttoinntekt, for å kunne betale ned gjelda.

Ulstein kommune går dermed forbi Stranda kommune, som lenge har slitt på feltet, på den lite smigrande lista. Stranda har sunke frå 226 prosent til 178 prosent det siste året.

Det har lenge vore ei kjentsak at Ulstein kommune har brukt mykje pengar på investeringar, og opposisjonen har kritisert dei leiande partia for at utviklinga går for raskt.