Rostein AS, eit familieeigd reiarlag med hovudkontor på Harøya i Sandøy kommune, utgjer ein viktig del av den verdsleiande brønnbåtklynga i Møre og Romsdal, og hovudmarknaden er oppdrettsnæringa. Det er nettopp oppdrettsnæringa, ved Marine Harvest Norway AS som har tildelt reiarlaget kontraktar på fire brønnbåtar. To av båtane går i dag for same selskap, Ro Master og Ro Fjord, men er no tildelt nye kontraktar.

Dei to resterande båtane på 3.500 kvadratmeter kvar, blir kontrahert av Rostein på Larsnes Mek Verksted AS, der reiarlaget allereie har eit tilsvarande nybygg i bestilling.

Fyller verftet si ordrebok til 2017

Det er Rostein AS, eller morselskapet Rofisk AS som har majoriteten av aksjane i Larsnes Mek Verksted AS.

- Rostein er svært stolt og takksame for å ha fått fornya tillit med Marine Harvest og påpeikar kva for enorm verdiskaping dette representerar for både Rostein AS som selskap, dei tilsette, verftet og lokalt næringsliv. Som hovudaksjonær i Larsnes Mek Verksted AS representerar nybygga ein dobbeltverdi for konsernet, då bygga vil fylle verftet si ordebok godt inn i 2017, skriv Rostein AS i ei pressemelding.

Selskapet vil også tilsette 20-30 personar i løpet av byggeprosessen, for å handsame tilveksten i flåten.