For litt over to veker sidan starta Martin Notøy Nevstad (Ulsteinvik) og Christoffer Endresen (Remøy) ei reise - på sykkel - frå Oslo, opp til Nordkapp, sør igjen til Lindesnes og så tilbake til Oslo.

Saman med seg på laget har dei Martin Engelsfjord (Grøa) og Simon Solbakken (Leikong) som følgjer i bil.

Laurdag var dei framme på Nordkapp, som var eitt av delmåla på denne 5000 kilometer lange sykkelturen.

– Vi brukte berre 16 dagar til Nordkapp. No er vi på full fart vidare til Lindesnes, seier Nevstad på vegne av gruppa til Vikebladet Vestposten.

Superheltar

Denne turen kom som eit resultat av «Prosjekt Superhelt – Norge Rundt på sykkel på Barnekreftforeininga».

– På turen vidare skal vi innom dei fleste sjukehusa med barnekreftavdeling. Dette blir sterke møter.

– Vi håper at næringslivet står klare til å støtte saka, som får sendetid på TV 2 heilt til vi har kome tilbake til Oslo igjen, fortel Nevstad.

Kvildedag

I dag, måndag, skal dei fire syklistane ha ein kviledag i Alta, før turen rasar vidare frå Noregs nordlegaste punkt til Noregs sørlegaste punkt. Før den tid er det venta at dei skal ha ein ny kviledag i Levanger den 15. juli.

Etter tidsskjemaet skal «superheltane» stoppa i Fosnavåg tre dagar seinare.

Venta sluttdato på Noreg Rundt-rittet er 28. juli.

Om du ønskjer å støtte prosjektet, kan du lese meir på deira Facebook-side.