Stortingspolitikar Oskar Grimstad meiner noko må gjerast i systemet for oljeskatten, og hevdar atstatens skattetap ikkje treng å bli så store.

For det første kan ein få realisert prosjekte som ellers ikke ville ha blitt sett i gang, og få skatteinntekter ein elles ikke ville fått. For det andre vil ein holde flere folk i arbeid, skriv Dagens Næringsliv.

- No forsvinn arbeidsplassar i eit tempo ein ikkje såg føre seg for få år sidan, seier Grimstad til DN.

Ifølgje tal frå DNB Markets er det varsla at drygt 22.000 vert kutta i norsk oljeindustri. Formålet med eit skattekutt er å stimulere til auka oljeutvinning i marginalfelt og haleproduksjon.

I dag er skattesatsen på oljeselskap 78 prosent, noko Grimstad kallar "lite framtidsretta på marginale felt".

Regjeringserklæringa frå Sundvolden i 2013 tilseier at regjeringa skal vurdere skattetiltak for felt i halefasen, skriv DN.

- Eg er einig i at ein må ha eit føreseieleg skattesystem, men når endringane er så valdsame som no, må ein gjere noko, seier Grimstad ifølgje DN.