Sunnmøre politidistrikt meldte fredag kveld om ein båt som vart stolen frå Langevåg. Denne vart seinare køyrt på land på Grimstadholmen av det som var mistenkt å vere ein berusa båtførar, men før politiet kom til staden hadde båten kome seg frå staden. Fredag kveld vart den sist observert på veg forbi Erkna og Godøya med retning Ulstein.

Laurdag ettermiddag har politiet funne att den stolne båten, i Ulsteinvik, og der fann politiet også personen som skal ha stole den.

Gjerningspersonen låg då sovande i båten der politiet også fann narkotika. Personen vart dermed tatt hand om av politiet.