Den 28 år gamle mannen, som flytta inn i ein omsorgsbustad i  Hovstøylvegen 15. mai, klarte ikkje å bu der meir enn nokre dagar. Den stinkande lukta vart for mykje.

– Eg brekker meg der. Det luktar møkk, seier mannen til Vikebladet Vestposten.

– Dei har fortalt meg at dei visste om det heile vegen, men dei har ikkje opplyst meg om det, seier han.

Vil ikkje betale

Då Vikebladet Vestposten var innom for å lukte, stod det eit umontert IKEA-bord på golvet. Det var nesten ingen kvitevarer der, og det verka å vere forlatt på dagen. Mannen har ikkje vore tilbake sidan han drog, bortsett frå ein gong for å hente litt klede. Han har klaga skriftleg til Ulstein Eigedomsselskap i eit brev datert 29.06.15, utan å få svar.

– Det kan ikkje vere rett at eg skal betale husleige for eit husvere som er uuthaldeleg å bu i, skriv han i brevet.

Har flytta

Før budde mannen i nummer 29, og der var det ikkje det samme luktproblemet som i leilegheita han flytta inn i i mai.

I tida etter at han flykta frå kloakklukta i den kommunale leilegheita, overnatta han hos vener.

Han har no flytta inn i ei ny leilegheit. Denne gongen valte han å flytte inn i ein privat bustad.

Samme problem hos naboen

Per Einar Osnes budde i naboleilegheita fram til mai. Han seier at han også gjorde kommunen merksam på kloakklukta fleire gonger.

– I periodar var det ei heilt frykteleg kloakklukt, fortel han.

Osnes legg til at han gjorde Ulstein Eigedomsselskap merksame på lukta allereie like etter at han flytta inn i august i fjor. Då var dei klar over problemet.

– Eg pusha på for å få gjort noko med problemet allereiefør vinteren i fjor, men det hadde ikkje skjedd noko då eg flytta ut.

Osnes er imidlertid positiv til responsen han har fått.

– Rune Urke i Ulstein Eigedomselskap har vore veldig imøtekommande, og erkjente allereie då at Ulstein kommune har eit ansvar.