Ei undersøking gjort av Statistisk sentralbyrå på vegner av Huseiernes Landsforbund, viser at Ulstein kommune har auka avgiftene og gebyra på vatn, avløp, renovasjon og feiing med 10 prosent sidan i fjor.

Tala viser den samla kostnaden for tenestene per husstand.

Nabokommunane

Til samanlikning har Hareid ei auke på 3 prosent og Herøy ser ei auke på 2,6 prosent.

Volda kommune har ein nedgang på 7,4 prosent.

Gjennomsnittleg auke i Norge frå 2014 til 2015 er på 3,2 prosent, medan inflasjonen på landsbasis i same tidsperiode er på 2 prosent.

Under landsgjennomsnittet

Berre Sande kommune på Søre Sunnmøre er i nærleiken av Ulstein kommune på feltet. Dei har ei auke på 9,5 prosent.

Dei er også den einaste kommunen på Søre Sunnmøre som er over landsgjennomsnittet. Totalt må ein ut med 13.976 kroner for tjenestene i Sande, medan ein må betale 10.245 kroner i Ulstein og 11.226 kroner i Hareid i gjennomsnitt.

Snittet på landsbasis er 12.509 kroner.

Ulstein kommune er dermed likevel under landsgjennomsnittet etter auka. Det same er Hareid, men dei har hatt ei langt mindre dramatisk auke.

– Kommunen har gjort store grep

– Vi har eit nokså stort prosjekt på gong med fornying av leidningsnettet og vassrensing, seier rådmann i Ulstein kommune, Einar Vik Arset.

Han peiker på fleire årsaker til den store auka i avgifter og gebyr.

– Generelt ligg kommunale avgifter på normalnivå i høve landet elles. Kommunen har gjort store grep over år knytt til vasskvalitet og kapasitet, og berre i 2014 investert for nærare 40 millionar kroner i infrastruktur til fornying av leidningsnett, reinsing og magasin. Auke skal også dekke eit visst akkumulert underskot innanfor avløp, og dette forklarer noko av gebyrauken. Eg er overtydd om at satsinga i tråd med rammeplanen vil merkast for den enkelte abonnent, svarar rådmannen.

Rådmann i Ulstein kommune, Einar Vik Arset meiner at innbyggjarane i Ulstein vil merke satsinga på leidningsnettet og vassrensinga. Foto: Presse