Det melder NRK.

Thorseth starta turen sin mot Shetland 10. juni, og i dag (1. august) returnerer han til Fosnavåg.

– Eg har hatt det veldig kjekt, og har møtt mykje kjekke folk, seier han til lokalredaksjonen til statskanalen.

Braut

Eventyraren måtte etter kvart avbryte roturen mot Shetland grunna alvorlege smerter, og han måtte difor tauast inn til Out Skerries.

Det enda likevel ikkje med at Thorseth braut av turen, og 14. juli sette han seg på ny i båten, denne gong for å ro tilbake over nordsjøen til Noreg.

67-åringen erkjenner overfor NRK at det såg litt mørkt på det ei stund.

– Men nakken og skuldra vart betre, og eg fekk rodd litt i Lerwick. Eg bestemte meg for å prøve heimturen også, og det gjekk veldig bra, seier han og legg til at litt juks måtte til, seier han.

Anbefaler rotur

Thorseth oppmodar andre også til å leggje ut på ein rotur, om dei før høve til det.

– Eg anbefaler alle å dra på rotur. Ikkje nødvendigvis til Shetland og attende, men det er ei oppleving å ro. Det er godt for kropp og sjel, seier Ragnar Thorseth til NRK.