Dette er den andre auken i år. For eit gjennomsnitttshushald har elavgifta såleis auka med 352 kr eks. mva. sidan desember 2014.

Det er Mørenett som melder dette.

Elavgifta er ei statleg avgift på elektrisk kraft som Mørenett er pålagde å krevje inn frå nettkundane sine på vegner av Toll- og avgiftsdirektoratet.

Regjeringa grunngir auken med at dette vil vere med på å redusere straumforbruket, og peikar elles på at Norge framleis vil ha lågare el-avgift enn Danmark, Sverige og Finland.