NVE har i brevs form i sommar varsla Hareid kommune at dei vil prioritere tiltaket med å sikre Gjerdselva på Hareid mot flaum.

NVE har utarbeidt ein tiltaksplan for elva.

TILTAKSPLAN:

Sidan Hareid kommune har ansvar for å halde ei lokal høyring av planforslaget, er planane no utlagde til offentleg ettersyn med frist til å uttale seg 21. august.

I periodar med mykje nedbør er det svært stor vassføring i elva, og dei som har hus langs elva, har mange gongar varsla Hareid kommune om at dei føler frykt for at elva skal grave ut husa deira.