– Gode barnehagar er med på å gi barn ein god start i livet, og vi ønsker at alle, uavhengig av inntekt, skal ha tilgong til trygge barnehageplassar av høg kvalitet, seier ordførarkandidat Heidi Strand i Ulstein i ei pressemelding.

Fleire får sjansen

– Tilbodet vil sikre at fleire barn får moglegheit til å gå i barnehagen. Evalueringa av forsøk med gratis kjernetid viser at barnehagebruken mellom 4- og 5-åringar med innvandrarbakgrunn i forsøksområda har auka med om lag 15 prosent, og at dei fleste av desse går i barnehage i dag, held kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram.

Tilbodet om kjernetid har effekt på skuleresultata til barn med innvandrarbakgrunn, målt på kartleggingsprøver i lesing og rekning på 1.- og 2. trinn. Effekten er sterkare for jenter enn for gutar, og sterkare for barn av mødre som ikkje er i jobb. No skal tiltaket rettast mot alle med låg inntekt, uavhengig av bakgrunn.

– Arbeidet med å byggje kunnskapssamfunnet startar allereie i barnehagen. Barn lærer utruleg fort, og det er fantastisk lærerikt for dei minste å vere saman med andre barn og kompetent personale. Dette er særleg ein siger for barn frå ressurssvake heimar, seier Heidi Strand.

– Alle vinn på denne ordninga, også familiar med høgare inntekt enn inntektsgrensa. Fleire av barna som startar på skule vil kunne henge med på undervisninga når dei har fått eit godt grunnlag i åra før skulestart, seier Torbjørn Røe Isaksen.

Moderasjonsordning

Gratis kjernetid kjem i tillegg til at regjeringa frå 1. mai innførte ei ordning som gjer barnehagen billigare for alle familiar med låg inntekt.

Moderasjonsordninga skal sikre at ingen familiar betalar meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass, ved at ein betalar mindre for barnehageplassen dess lågare inntekt ein har.

– Vi veit at for nokre foreldre er prisen ein grunn til at dei vel å ikkje ha barna sine i barnehagen. Fleire av dei som treng det får moglegheit til å nytte seg av barnehagen no, påpeiker Torbjørn Røe Isaksen.

– Dette er veldig gode nyheiter for barna. Begge desse ordningane er viktige bidrag til at endå fleire får nytte eit godt barnehagetilbod, avsluttar Heidi Strand.