Då Ulstein kommune rekna ut tilskot til dei private barnehagane for 2014, vedtok dei å trekkje Gnist Barnehager Støylane i utbetalinga med 4,1 små born med bakgrunn i at barnehagen skal ha rapportert inn fleire born enn det barnehagen er godkjent for. Men det protesterer barnehagen på.

Dei viser til at kommunen ikkje har dokumentert påstanden, men går ut ifrå at det har bakgrunn i same regelforståing som for etterjusteringa 2013. Det vil seie at kommunen reknar 3-åringane som små arealmessig fram til august.

Usemje om treåringane

Regelverket seier at eit born i barnehage treng større plass når det er under tre år, enn når det er over tre år. Overføringane for eit barnehageborn under tre år, er større enn for dei over tre år, då dei treng meir tilsyn.

Difor blir det laga reglar for korleis ein skal rekne ut talet på treåringar.

Den lokale barnehagen i Ulstein har sendt saka over til Private barnehagers landsforbund (PBL) som klagar på vegner av barnehagen. I krav om pedagogisk bemanning står det at barnet skal reknast som tre år frå det året barnet fyller tre år, dette bør også gjelde utrekning av areal, meiner PBL. Dei er såleis usamde i at barnehagen har gjort noko gale.

Om Ulstein kommune står fast på vedtaket sitt, ønskjer dei at saka blir oversendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal for endeleg handsaming.