I går vart resultatet frå NHO si kåring av Kommune-NM offentleggjort. Ulstein kommune hevda seg bra og kom på 11. plass. Hareid kommune kom på 120. plass.

Mellom dei 20 beste kommunane i Noreg finn me berre ein kommune frå Møre og Romsdal, og det er Ulstein. Sidan 2009 har Ulstein vore rangert mellom Noregs sine 15 beste kommunar. I år er 14 av dei 36 kommunane i fylket rangert mellom dei 150 beste kommunane i Noreg. Det er Ulstein, Ålesund, Molde, Haram, Giske, Sula, Aukra, Volda, Skodje, Herøy, Averøy, Stranda, Hareid og Krisitansund.

Bortsett frå Ulstein er det stort sett større byar og kommunar som hevdar seg i toppen. Dei ti beste kommunane er Sola, Bærum, Stavanger, Asker, Oslo, Austevoll, Sandnes, Kongsberg, Ås og Trondheim.

Kyst- og bykommunar gjer det betre enn små innlandskommunar.

– Dette er ei utvikling som ropar etter kommunereform, meiner Petter Haas Brubakk, direktør for næringspolitikk i NHO, i ei pressemelding. Han meiner me treng større og meir slagkraftige kommunar over heile landet. Dei store regionane kjem til å vekse seg større, og då er det viktig at me ikkje sit att med mange små kommunar som sakkar akterut.

– Betre å vere stor enn liten

– Det er ein generell trend at større kommunar med høg befolkningstettleik kjem betre ut enn dei små. Det indikerer at kommunereforma er viktig også for å sikre god næringsutvikling, hevdar Brubakk.

Brubakk meiner kommunereforma gjer det lettare å tiltrekkje og halde på kompetanse i kommunen, han gjev auka handle- og påverknadskraft og betre høve for å sjå areal- og infrastruktur i samanheng. I tillegg blir det lettare å drive kostnadseffektivt og gjennomføre meir profesjonelle innkjøp.