- Det var på høg tid at det skjedde no, og det er sjølvsagt svært gledeleg, seier Steinar Mork.

Mork er ein av naboane til vegen, og han kan frå stovevindauget sjå ned på nylagd asfalt for første gong på ganske mange år. Det har lenge vore mykje klagar på vegstrekket frå Bigset og inn til vegen til vassverket.

- Dette er ein veg med ei lang historie, men dei siste åra har den ikkje akkurat blitt omtala i så positive ordelag. No har vi fått flunkande ny asfalt på det som har vore det verste strekket, og strålandes nøgde er vi med det, seier han.

Takkar politikarane

Mork fortel at ein allereie på 1830-talet ønskte seg veg inn i enden på Snipsøyrvatnet. Før dette måtte ein ro dit ein skulle.

- Vegen blei bygd på dugnad, fortel han.

Asfalt kom ikkje på plass før i år 2000. Dette etter at Nils Nesset hadde rekna på at han kunne ordne dette for ein viss sum (rundt fire millionar kroner), og ordførar Einar Holm fekk overtalt fylkeskommuna til å spele på lag, fortel Steinar Mork.

- Asfalten kom den, og endeleg kunne vegen nyttast også til større køyretøy, seier Mork og legg til:

- No har vi endeleg fått ny asfalt, og det skal politikarane også ha stor takk for. Ordførar Anders Riise og fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde har stått på for å få dette til, og vi er særs takksame vi som bur her i Snipsøyrdalen.