Sjøborg kino har i juni og juli hatt eit svært godt kinobesøk, med ein auke på heile 30 % samanlikna med same periode fjor.

Kinosjef Kristine Brungot trur nok at besøksauken delvis skuldast til dels godt kinovær, men gode publikumsfilmar som Jurassic World og Minions er nok den viktigaste årsaka til at så mange kinogjengarar har funne vegen inn i kinomørkret.

I juni var Jurassic World den store kinovinnaren, og i juli har animasjonsfilmen Minions trekt fulle salar og snart tusen besøkande.

Sjøborg kino har hatt framsyningar stort sett dagleg også i sommarferien, og det er tydeleg noko feriefolket og ikkje minst familiar og ungdom set pris på.

Snart kjem Bølgen

Kinosjefen spår at august blir ein minst like god månad. Ho kan by på mange gode titlar, som Mission Impossible Rogue Nation, Fantastic Four, Innsiden Ut -  og sist, men ikkje minst, katastrofefilmen Bølgen med premiere 28. august.

- Den sistenemnde har vi særleg store forventningar til. Vi trur svært mange ønskjer å få med seg Skandinavias første katastrofefilm med handling lagt til Geiranger, seier kinosjefen.

Bølgen er ein storproduksjon av Hollywoodske dimensjonar. Filmen er basert på det faktum at fjellpartiet Åkneset, som ligg midt i Geirangerfjorden, ein dag vil rase ut og skape ei kraftig flodbølgje på over 80 meter som vil knuse alt på sin veg før den treff land i Geiranger. På folkemunne vert fjellet kalla "Dødsfjellet" - fjellpartiet har nemleg ein over 700 meter lang og stadig veksande sprekk som utvidar seg med 10 til 15 centimeter i året. Forskarane er samde om at raset ein dag vil kome. Dei veit berre ikkje når... I hovudrollene finn vi Ane Dahl Torp og Kristoffer Joner.

Noregs første katastrofefilm får også æra av å opne Den norske filmfestivalen i Haugesund 16. august.